Arego
kw:!support_us

3 gull, 2 sølv og 1 bronse i UM15-19 til Stord på Overhalla

03.09.2018 |Nils Hetleflåt

Under helgas UM15-19 år på Overhalla var Stord IL representert med 3 utøvarar, Jacob Vaula (17), Juliand Skimmeland Aasheim (15) og Erlend Hatlem Kringeland (15). Medaljefangsten vart på 3 gull, 2 sølv og 1 bronsemedlaje samt 3 nye personlege rekordar.

Fredag 31 august starta med Jacob som sprang forsøksheat på 100m og det vann med tida 11,55. I finalen gjekk det atskilleleg fortare og han vann med tida 11,20 og seiersmarginen var på 7 hundredelar. Neste i aksjon var Julian på 300m hekk og han var storfavoritt på distansen. Julian innfridde og han vann løpet på tida 39,89 og var 64 hundredelar foran nummer 2. Halvannan time etter var han i aksjon i tresteg og her vart det ein ny seier med resultatet 12,90m. Erlend sprang 1500m hinder og han kom inn på 4.plass med tida 4,45,69 og ny persomleg rekord med neste 7 sekund.

På laurdag 1.september så var Julian i aksjon i høgde og i ein jamn konkurranse vart det 2.plass med resultatet 1,81m, same høgde som vinnaren men Julian gjekk over i 2.forsøk medan vinnaren gjekk over i 1.forsøk. Jacob vann sitt forsøksheat på 200m med tida 23,11 og var klar for finale på søndag. PÅ 800m så sprang Erlend inn til 6.plass i sitt heat med tida 2,07,27 og satte ny pers med over 1,5sek. Totalt vart det 14.plass på Erlend. Julian avslutta dagen med finale på 100m hekk og i eit sterkt felt vart det 3.plass med tida 13,81 som var personleg rekord med 18 hundredelar. Fram til vinnaren skilte det 34 hundredelar og 11 hundredelar til sølvmedaljen.

Jacob var først i aksjon på søndag 2.september og i finalen på 200m sprang han inn til 2.plass med tida 22,56 og var med det 12 hundredelar bak vinnaren. Erlend avslutta meisterskapet for hans del med 2000m og han sprang inn til tida 6,14,64 og endte på 14.plass.

Oppsummert eit sterkt meisterskap av utøvarane frå Stord IL med 3 gull-, 2 sølv- og 1 bronsemedalje, samt 4.plass og 3 nye personleg erkordar.

Kontakt