Arego
kw:!support_us

3.plass på Tom Erling Kårbø på Folksam Grand Prix i Sollentuna

01.07.2017 |Nils Hetleflåt

På Folksam Grand Prix i Sollentuna torsdag 29.juni sprang Tom Erling Kårbø 3000m hinder under vanskelege forhold med ein svært sjenerande vind. 

I eit stort la han seg som nr 5 i feltet kor haren Dennis Licht, Nederland, drog frå start av til 8,30 fart. Men etter bare 600m fann Napoleon Solomon ut at det var for sein fart og tok teten, dermed vart det ei luke ned til forfølgarane. Tom Erling låg lenge som nr 3 i den gruppa og ha navanserte opp til 2. plass i gruppa, men avstanden til leiaren bare auka. Den kraftige vinden gjorde og sitt til at farten dabba av og då Tom Erling sprang i mål viste klokka 8,50,41. Langt bak tida til VM-kravet, men vinden hvar nok ein medverkande årsak.

 

Kontakt
Kalendar