Arego
kw:!support_us

4.plass i NM kort løype i Stavanger

09.04.2016 |Nils Hetleflåt

Det var solskinn og ca 12 grader som møtte løparar og tilskodarar i Stavanger i dag då NM terrengløp korte løyper vart arrangert av IL Skjalg. Ei flott rundløype på ca 750 m og ei på ca 500m på golfbanen, seniorane sprang 4 rundar a 750m medan G-16 sprang først 500m og så 2 rundar a 750m

Først i aksjon av Stord sine løparar var Arne Jordåen i G-16. Her starta 15-, 16- og 17-årsklassen samla slik at det var eit stort felt som la i veg. Arne, som er urutinert på løpsfronten, la i veg i eit høgt tempo og låg ganske langt framme i feltet etter passering 500m. Han mista litt til teten på den første lange runden på 750m og ved passering 1250m var han på 7.plass, knappe 5,5 sek bak 3.plassen. På siste runden fekk han kjenna at opningsfarten hadde vore for høg og han tapte nær 35 sek på den runden til 3.plass. Tøft satsa av Arne og neste gong så holder det til mål. Arne sprang inn til 9.plass av totalt 13 startande i G-16.

I menn senior var det 48 startande løparar, blant desse Tom Erling Kårbø. Tom Erling var raskt ute i starten og låg heile tida våkent til nær fronten av feltet. Ved passering første 750m var han på 3.plass, men det skilte bare 5 sek mellom dei 25 første løparane. Ved passering 2 rundar og 1500m var Tom Erling på 4.plass og no var det 15 løparar innan 5 sek. Etter at 3 rundar var unnagjort låg Tom Erling på 2.plass og no var det 9 løparar innan 2 sek. På siste runde vart det sett stor fartt og etter ca 250m var unnnagjort vart det ei lita luke mellom frå dei 3 første løparane og resten av gruppa. Dessverre så var ikkje Tom Erling blant dei 3 første og han sprang dermed inn til den litt sure 4.plassen.

Etter løpet gav han uttrykk for at han hadde sprunge eit godt løp, men at han var uoppmerksom i det rykket kom og den avgjerande luka oppstod. Vinnaren sprang på 8,07,3 medan Tom Erling sprang inn til tida 8,12,5.

Resultatliste finn ein her: http://live.eqtiming.no/23224#

Kontakt