Arego
kw:!support_us

Alt klart for Bruløpet og 1/2-maraton onsdag 6.juni

06.06.2018 |Nils Hetleflåt

I kveld, onsdag 6.juni er det klart for  bruløpet (10km) og 1/2-maraton som vert for 16.gong. Det er meldt flotte løpsforhold med rundt 18 grader og ein vind frå vest-sørvest på 2-4 m/s.

Det er mogeleg å melda seg på ved start ved Fylkesnes Bil AS. Onsdag morgon var det førehåndspåmeldt 62 løparar.

Start er kl. 18:00 for 1/2-maraton og kl 18:15 for 10 km

Startkontingent: 250,- for 10 km / 300,- for 1/2-maraton + eingongslisens 30/40

Premiering: 3 beste menn og kvinner i begge løyper.

Vinnarane får SALMA laks frå Bremnes Seashore

Deltakarpremie til alle løparane.

Drikkestasjon:3-8-13 og 18 km på 1/2-maraton. Ved 3 og 7 km på 10 km

 

Kontakt