Arego
kw:!support_us

Alt klart for Oslo maraton

16.09.2017 |Nils Hetleflåt

I morgon er det klart for ein ny utgåve av Oslo maraton, med ny løypetrasè for løparane og dermed kan dei ikkje samanlikna tidene med tidlegare utgåver. Vêrmeldingane for dagen tyder på at det vert gode løpsforhold og dermed kan me håpa på gode tider.

På halvmaraton, som og er Noregsmeisterskapet på distanse, er det først og frremst Pernilla Eugenie Epland og Jacob Hystad som kan hevda seg. Pernilla er ein av medaljekandidatane, sjølv om ho har satsa mykje meir på bane enn forrige året. Den gamle personlege rekorden hennar er på 1:21:08 og målsetjinga for dette året er å senka denne tida kraftig og då får me kanskje sjå 1:17 eller 1:18 eitt eller anna. Jacob på si sida har som mål å pynta på sin personlege rekord som er på 1:12:58 og treninga den siste tida tyder på at det skal vere fullt mogeleg. Då er det bare til å benka seg foran tv-skjermen frå kl 13:30.

På Oslo trippelen, som er maraton deretter 1/2-maraton før ein avsluttar det heile med 10 km, stiller Laila Mehus opp som tittel forsvarar. I fjor var ho heilt suveren og det skal verta spennande å sjå korleis ho gjer det i år. Første start for hennar del er kl 09:25 med maraton, før starten går kl 13:30 på 1/2-maraton og det heile avsluttast med 10 km kl 16:00.

NRK sender frå kl 10:30 og til kl. 17:00

Kontakt