Arego
kw:!support_us

Alt klart for sentrumsstafetten laurdag 9.april

08.04.2016 |Nils Hetleflåt

I morgon er det klart for den tradisjonelle sentrumsstafetten i Leirvik sentrum for 4.-7. klasse på barneskulane i kommunen. Starten foregår ved Kulturhuset og målgang er ved pavillijongen ved Bakeriet Frugård. Start kl 12:00.

Det er 4 etapper på stafetten, kor 1. og 4. etappe vert sprunge av jenter medan 2. og 3 . etapper er for gutane. Etappane er mellom 100 og 150 m lange.

I år er det påmeldt 38 lag, der den største klassen er 4 klasse med 15 lag. 9 lag i 5.klasse, 12 lag i 6 klasse og 2 lag i 7.klasse.

Her er tidsskjema med heat oppsett.

Reportasje og resultat kommer i morgon kveld.

Kontakt