Arego
kw:!support_us

Asle Skulstad og Pernilla Eugenie Epland fekk heidersmerke i bronse

17.04.2018 |Nils Hetleflåt

På årsmøtet til hovudlaget i Stord idrettslag torsdag 12.april vart Asle Skulstad og Pernilla Eugenie Epland tildelt heidersmerke i bronse.

Asle har i mange år lagt ned eit stort arbeid for friidrettsgruppa under arrangement og vore viktig for at gruppa har klart å gjennomføra med stil. an har og ei viktig oppgåva under årets Sunnordland maraton.

Pernilla får utmerkinga for sine sportslege resultat i 2017, kor ho oppnådde både sølv og bronse i NM terrengløp og NM halvmaraton, samt at ho representerte Noreg i nordisk meisterskap i terrengløp. 

Friidrettsgruppa vil få gratulera begge to med utmerkinga.

Kontakt