Arego
kw:!support_us

Bislett Games onsdag 11.juni

11.06.2014 |Nils Hetleflåt

Lars Jonassen Føyen er klar for 1500m på Bislett Games. På kveldens 1500m spring han i det sterkaste feltet han nokon gong har vore med på og han er ein av 10 nordmenn i løpet som inneheldt 20 løparar. Starten er kl 18:03, medan tv sendinga starter kl 17:50. Om dei viser noko av hans løp på tv er usikkert.

Det er llive oppdatering på nett: http://www.diamondleague-oslo.com/Live-StartlistsResults/Overview/

Lars fekk det tøft på Bislett Games i kveld. Det vart lova høg fart i feltet og det vart. Haren drog avgårde og feltet strak seg ut ganske raskt, med Lars på halen dei første 400m som vart passert på ca 61 sek av han. Det vart utkrystallisert ein baktropp på 3 løparar ved passering 800m beståande av Lars, Erik Hovlandsdal og Anders Sørensen, som gjekk unna på 2,03. Erik stod av løpet etter ca 1150m, medan Lars passert Anders rundt 1200m og tida viste 3,08. Sluttida vart 3,56,55 og det er det nest raskaste han har løpt på. Han var nok ikkje heilt restituert etter den harde 10000 meteren forrige torsdag, men han fekk ein kjekk opplevelse på stemnet.

Kontakt
Kalendar