Arego
kw:!support_us

Fleire årsbeste på Trond mohn Games av Stord utøvarar

24.05.2019 |Nils Hetleflåt

På årets utgåve av Trond Mohn Games så var det ein kjøleg temperatur i vêret som møtte deltakarane på Fana stadion, men heldigvis så var det bare ein vindstyrke mellom 1 og 2 sekundmeter i mot på oppløpssida,

Først i elden av våre utøvarar var Jacob Vaula på 100m. Han oppnådde tida 11,44 s og vart nr 5 i løpet. Etter løpet så kunne han fortella at han ikkje kjente noko til hamstringskaden som har plaga han den siste månaden. Det var på landslagssamlinga i Italia i siste veka av april at han fekk den, slik at han så vidt er kommen i gong med treninga igjen.

På 1500m for kvinner var Pernilla i aksjon saman med 9 andre kvinner. Dei utanlandske kvinnene holdt eit noko høgare niva enn dei norske og drog umiddelbart i frå då startskotet vart avfyrt. Pernila la seg som nr 2 av dei norske løparane og sprang eit jamnt og godt løp og kom i mål på årsbeste med tida 4,26,87 om gav ein 6.plass i løpet.

På 3000m var et Tom Erling og Lars som forsvarte Stord sine svarte og kvite fargar i eit 13 mann stor felt. Haren stakk til front som avtalt, men ingen var interressert i å følga med han. Tom Erling og Lars la seg bak på halen av feltet og passerte 1500m på ca 4,03. Like etter slapp Lars feltet og han gav seg rundt 2200m, medan Tom Erling fortsatte i same tempo til mål og kom inn på 8,06,66 og 7.plass totalt. Ei grei gjennomkjøring for Tom Erling som satte årsbeste og beviste at grunnformen er inne.

Kontakt
Kalendar