Arego
kw:!support_us

Førehandsomtale av stemner frå 15.-18juni 2017

14.06.2017 |Nils Hetleflåt

Det byrjar allereie på torsdag 15.juni når Pernilla Eugenie Epland (bilde over) skal delta på 1500m under Bislett Games. På dette sagnomsuste stemnet skal ho delta på forøvelsane og saman med 14 andre kvinnelege løparar skal ho starta kl 18:45 på torsdag kveld.

I tidsrommet 16.-18. juni vert Tyrvinglekene arrangert på Nadderud stadion og dette er det største banestemnet i Noreg. Frå Stord skal følgjande delta: Tone S. Brakedal, Pernilla E. Epland, Erlend Kringeland, Julian S. Aasheim, Jacob Vaula, Arne Jordåen og Vegard Havn. Det er streaming frå stemnet og ein kan følga stemnet og live oppdateringar på http://tyrving.idrett.no/10/tlute/ 

På laurdag kveld er det elitestemnet Norwegian Grand Prix på Nadderud og her skal Tone delta på lengde og Jacob (bilete til venstre) skal springa 100m. http://tyrving.idrett.no/10/f/norwegian-grand-prix-nadderud/

I Leiden i Nederland skal Tom Erling Kårbø springa 3000m hinder og han skal prøva å sjå om det er mogeleg å gå under kravet til VM som er på 8,32,00. Informasjon om stemnet finn ein på http://www.goudenspike.nl/

I Strandebarm vert Hardanger Friidrettsfestival arrangert 17.--18.juni og Stord IL-friidrett stiller med følgjande løparar på mellomdistanse: Ole Christer Kvellestad, Lars Lunde og Pernilla E. Epland.

På Gjesdal er det veteranane som skal i elden på NM 5-kamp og Stord er representert med Per Gregersen og Oddvar Hårde.

Skal prøva så godt det lar seg gjera og oppdatera heimesida.

 

Kontakt