Arego
kw:!support_us

Fredsstafetten 8.mai 2019

06.05.2019 |Nils Hetleflåt

Onsdag 8.mai er det klart for Fredsstafetten, som er for 5.-7.klasse for skulane i Stord kommune. Dette er ein tradisjonsrik stafett som har halde på i over 40 år og med Stord IL-friidrett som arrangør i alle år. Kvart lag stiller med 8 løparar og stafetten går på Stord stadion og området rundt stadion og total lengde er vel 1000m.Startskotet går klokka 17:00, først 5.klasse og deretter 6. og 7.klasse.

Etter at stafetten er ferdig, ca kl 18:00) er det stemne der elevane kan prøva: 60m, 600m, lengde og kula.

For dei over 15 år(født i 2004) og eldre er det følgjande øvelsar:400m, 1500m og 10000m.

Ca tidsskjema:

18:00 60m, lengde og kula

19:00 600m

19:15 400m 15 år og eldre

19:20 1500m 15 år og eldre

19:30 10000m 15 og eldre

Kontakt