Arego
kw:!support_us

Friidrettsgruppa har vore på treningsleir i Monte Gordo

26.02.2018 |Nils Hetleflåt

Stord IL-friidrett har vore på sin årlege treningsleir i Monte Gordo i Portugal i vinterferien i tidsrommet 17.-24. februar. På årets leir var det 7 personar som reiste og det var: Pernila Eugenie Epland, Vegard Havn, Ole Christer Kvellestad, Arne Jordåen, Jacob Vaula, Julian Skimmeland Aasheim og Nils Hetleflåt. 

Det var eit flott treningsvêr i heile perioden og me slapp unna alt som heitte regn og med ein temperatur mellom 15 og 18 grader så slapp ein å verte solbrent. Dagane gjekk med til enten ei eller to treningsøkter for utøvarane og om kvelden var det ulike kortspel som vart utøvd. Her vart det utførd sirleg poengføring og taparen av konkurransen fekk seg eit bad i det kalde bassenget på hotellet.

Det var mange ulike klubbar frå Noreg som var på leir her og mange fekk mogleghet til å få trena med andre utøvarar. Jacob og Julian fekk vera med på ei økt med jJonathan Quarco som er Noregs raskaste løpar for tida, noko som gav meir smak. Distanseløparane fekk og god matching og hadde ei felles intervall økt kor det stilte opp 15 løparar frå ulike klubbar .

 

 

Kontakt