Arego
kw:!support_us

Gode Stord prestasjonar på Arne Risa Classic onsdag 15.mai

20.05.2019 |Nils Hetleflåt

Det var stor oppsluttnad om Arne Risa Classic på Fana stadion onsdag 15.mai, der øvingane var 800m og 3000m. På 3000m for menn var det over 60 påmeldte medan det var 19 påmeldt i dameklssen. Frå Stord IL stilte Erlend Hatlem Kringeland, Johannes Thomsen og Pernilla Eugenie Epland.

På 3000m for kvinner var det avtalt at Vilde Våge Henriksen frå Haugesund IL skulle vere fartsholdar til ei tid på ca 9,25. Då startskotet vart avfyrt brukte Vilde ca 150 m for å komma til front av feltet og ho fann raskt den rette farten som var avtalt. Passering 400m på 75,8 og feltet på ei lang rekke etter "haren". Dei neste rundane på 77,0-75,5-76,4og feltet begynner å tynnast ut, men det er framleis ein kvartett som ligg framst, som består av Pernilla, Mari frå Runar IL og Eli Anne frå Gneist IL og fartsholdaren. Etter 1800m var det slutt for fartsholdaren og på denne runden sank farten til 78,9s og dei passerte 2000m nær 3,5 sek etter skjemaet til 9,30. Pernilla overtok leiinga og auka farten jamnt og trutt, slik at sjette runde gjekk unna på 77,2 og auka farten ytterlegare på den sjuande runden til 73,6 før ho avslutta med 34,3 på siste 200m. Med sluttida 9,28,69 vann ho løpet med ca 2,5 sek foran Mari og ytterlegare 7 sekund ned til Eli Anne. Dette er det nest beste løpet til Pernilla på distansen og ho har fått ein god start på sesongen.

I herreklasen var dei 2 Stord løparane plassert i c-heatet som bestod av 16 løparar og som skulle ha eit tempo til 9,00 min. Dette var for høgt tempo for Erlend og Johannes, som la seg på eit skjema til sub 9,30 og dei var heile tida i fremste del av feltet og etter at haren gav seg ved passering ved 2000m  så stoppa dei som fulgte han opp og dermed var det kvartetten som Erlend og Johannes låg i som var teten. Med ei passering på 6,18 var dei like under skjemaet og dei fortsatte i same tempo på neste runde. Ved passering 2400m var det Erlend som gjekk fram i tet og han auka tempoet til 74,1s på den sjuande runden og det var bare ein trio igjen  ifront. Sjølv med ein sterk siste 200m på 33,1s holdt det ikkje til seier for Erlend, men 2.plass og tida 9,21,31. Johannes sprang inn til 4.plass med tida 9,28,45. Gode tider av begge løparane

Kontakt
Kalendar