Arego
kw:!support_us

Gull i junior NM til Stord på dag 3 i Fredrikstad

11.08.2014 |Nils Hetleflåt

Det vart eit nytt gull til Stord ved Harald Kårbø på 3000m hinder i U23 klassen under junior NM i Fredrikstad på søndag 10.august.  I tillegg sprang Lars Lunde inn til bronse på 3000m hinder i U20 klassen. Sondre Øvrebø støtte kula og det gav han 4.plass i U-23 klassen, medan Jørund Løken i spyd kom på 5.plass og Asbjørn Lunde dy i kula kom på 6.plass i kula. Begge to konkurrerte i U20 klassen.

Harald har med  dette vunne dei 3 siste åra U23 klassen på 3000m hinder og sprang i dette løpet inn til tida 9,38,06. Brødrene Kårbø har dominert denne øvelsen og har vunne dei seks siste åra i U-23 klasen. 

Lars Lunde debuterte på 3000m hinder og han taua dei andre i feltet i nær 7 rundar i den sjenerande vinden før han vart forbi løpt. Tida vart 9,48,07 på Lars.

I kulestøt for den eldste klassen klassen hadde Sondre Egeli Øvrebø alle sine støt med senior kula over den gamle persen og sluttresultatet vart 11,72m.

Asbjørn Lunde dy støtte 12,09 m med den 6kg tunge kula i yngste juniorklasse og var med det resultatet noko bak sin personlege rekord.

Jørund sleit med teknikken i spyd og med resultatet 52,84 vart det 5.plass i U20 klassen.

 

 

Kontakt
Kalendar