Arego
kw:!support_us

Gull og sølv på dag 2 av innandørs NM i Haugesund 2019

04.02.2019 |Nils Hetleflåt

På andre dag av innandørs NM i Haugesund vart det to medaljer på Stord IL-friidrett, gull på Pernilla Eugenie Epland og sølv på Tom Erling Kårbø, begge to på 3000m.

I dameklassen var det 10 løparar på startstreken på 3000m og då startskotet gjekk av var det Pernilla som tok leiinga. Ho drog vel 2 rundar før Tessa Frenay overtok teten og leia dei neste 2 rundane. Pernilla og Tessa hadde på førehånd avtalt å veksla på å dra 2 rundar kvar. Etter 10 rundar begynte Tessa å få ei luka på eit par meter og dette auka på slik at ved passering 1 runde før mål så var ho ca 15 meter foran Pernilla. Oppildna av å høyra klokkeringinga klarte Pernilla å mobilisera til ein skikkeleg sluttspurt og på oppløpssida sprang ho forbi Tessa og kunne passera målstreken først. Tida vart 9,34,20 og ho vann med over 2 sekund foran Tessa Frenay. Første gull innandørs på Pernilla og ho var meget godt fornøgd etter løpet.

På 3000m for herrer var det 11 løparar som stilte på startstreken når det beste heatet skulle starta, 2 løparane var frå Stord, Tom Erling Kårbø og Lars Lunde. Det var labert tempo frå start av i dette feltet og første 1000m vart passert på 2,50min og heile feltet var samla. Ein liten fartsauka var det fram til 2000m som vart passert på ca 5,36 min og feltet var framleis samla. Man etter 2200m vart det ein markant fartsauka og Tom Erling var årvåken og hang seg på, medan Lars måtte sleppa og han gav seg litt seinare. Feltet tynnast ut litt og ved passering 2600m vart det på nytt ein ny auke av farten og då vart Tom Erling litt sperra og klarte ikkje å få ryggen til Per Svela som stakk avgårde. Sjølv om Tom Erling avslutta siste 2 rundar på høge 57sekund var det for langt fram og han sprang inn til sølv med tida 8,12,26, medan vinnaren kom inn på 8,10,95.

Tom Erling var og godt nøgd med resultatet og plasseringa etter ein månad i Dullstroom i Sør-Afrika på treningsleir kor det var mengdetrening som prioritert trening.

Kontakt
Kalendar