Arego
kw:!support_us

Gull, sølv og bronse til Stord på innandørs NM i Bærum idrettspark

04.02.2018 |Nils Hetleflåt

Det vart 3 medaljer til Stord il-friidrett under innandørs NM i Bærum idrettspark i helga. Tone Sandtorv Brakdeal vann lengde utan tilløp i kvinner junior med resultatet 2,65 m, som var ny pers, og ho vann med 4 cm foran nr 2. Tom Erling Kårbø sprang inn til sølv på 1500m med tida 3,49,02, som var ny pers og første gong under 3,50 innandørs. Lars Lunde sprang inn til tida 3,59,06, som er ny pers og han vart nr. 2 i b-heatet. Totalt vart han nr 10 på 1500m.

Pernilla Eugenie Epland sprang inn til bronse på 3000m med tida 9,30,58, som var ny pers med knappe 3 sekund og forbetring av sin eigen klubbrekord. Tone sprang inn til årsbeste på 60m med tida 8,10 og det gav 5.plass i hennes heat i forsøket, men desverre ingen avansement til semifinale.

På dagens 60m hekk gjekk Tone vidare til finalen etter 9,15 i forsøket som gav 3.plass i heatet. I finalen som gjekk like etter lengde utan tiløp finalen vart det 7.plass med tida 9,27. På 3000m sprang Lars inn til ein kjempe pers med tida 8,22,30 som holdt til 9.plass i finalen og ny pers med over 11 sekund.

På helgas 7 resulat vart fasit 5 nye persar og 3 medaljer, beste innandørs meisterskap for Stord på lange tider.

Kontakt