Arego
kw:!support_us

Gull til Stord på andre dag av NM i Byrkjelo

20.08.2018 |Nils Hetleflåt

På andre dag av NM vart det gull til Stord IL ved Tom Erling Kårbø på 3000m hinder. Han sprang på tida 8,58,49 og vann med over 18 sekund på nummer to i løpet. Det var ein svært sjenerande vind under løpet, men ein slapp unna dei kraftige regnbygene som var i området. Dette var det femte gullet til Tom Erling Kårbø på denne distansen i løpet av dei siste 7 åra.

Kontakt
Kalendar