Arego
kw:!support_us

Harald Kårbø har starta utandørssesongen sin i 2015 i USA

18.04.2015 |Nils Hetleflåt

På fredag 17.april var Harald Kårbø i aksjon på 3000m hinder under det kjente stemnet Mt.Sac i Los Angeles. I det nest beste heatet sprang Harald inn til tida 8,56,82 og plasserte seg som nr. 8 i feltet. Med denne tida så ligg han på 6 plass på 3000m hinder i divisjon 2 i USA og er på det nærmaste klar for distansen til NCAA championship i Allendale i slutten av mai. 

Forrige helg årsdebuterte han på 1500m med tida 4,09,21.

Neste konkurranse for Harald er Drake Relays i Des Moines førstkommande helg kor han skal springa 3000m hinder.

Kontakt