Arego
kw:!support_us

Harald Kårbø i NCAA Allendale 21.5.2015

22.05.2015 |Nils Hetleflåt

Harald Kårbø sprang 3000m hinder forsøk under NCAA championship divisjon 2 i Allendale, Michigan på torsdag 21.mai. I det første heatet fekk Harald det tungt allerede frå starten, men han hang seg fast på halen i ca 1200m før han måtte sleppa hovudfeltet. Han sprang inn til tida 9,25,30 og 9.plas i heatet, som er langt frå hans årsbeste.

Forklaringa på dette er enkel. Han har vore sjuk i over 3 veker og først begynt å jogga for 4 dagar sidan. No vert det for Harald sin del å begynna med grunntrening og bygga opp mengda før han starter med tøffare trening fram mot sesongen heima i Noreg.

Kontakt