Arego
kw:!support_us

Harald Kårbø sprang inn til 6.plass i NCAA cross country championship

06.12.2014 |Nils Hetleflåt

På dagens NCAA cross country championship division 2 i Louisville, Kentucky sprang Harald Kårbø inn til ein meget sterk 6.plass, med tida 30,40 min, blant 245 fullførande løparar. I den meget krevende løypa på ca 9,6 km var Harald 38 sek bak den suverene vinnaren Tabor Stevens frå Adams State, medan det var 14 sek opp til 3.plass. Harald opna tøft og låg med i tetpulja som bestod av 10 løparar dei første 3 km, då delte det seg opp i ei gruppe på 7 løparar og ei gruppe på 3 løparar kor Harald låg i. Ved passering 5 km var tetgruppa 5 sek føre Harld si gruppe og denne avstanden auka vidare utover i løpet. På den siste kilometeren klarte Harald å mobilisera og sprang seg opp til 6.plass etter å ha passert på 9.plass ved 8,4km. Dette var ein fin framgang frå i fjor då han sprang inn til 19.plass i det same meisterskapet.

 

Her er Harald på veg mot mål etter nær 10 km

Med 6.plassen vart Harald All-American i cross country dette året og skulelaget hans sprang inn til ein sterk 3.plass blandt 32 skular. 

No ventar eksamener på han før han setter kursen for Noreg 19.desember og ein velfortjent julaferie heime på Langevåg.

 

Dagens resultat finn du her: http://www.flotrack.org/coverage/251728-D2-NCAA-XC-Championships-2014/article/27675-RESULTS-D2-NCAA-XC-Championships#.VINs89KG98E

På www.flotrack.org ligg det eit intervju med Harald etter løpet og det kan du høyre her: http://www.flotrack.org/videos/754361

Her er ein artikkel på heimesda til Augustana College: http://www.goaugie.com/news/2014/12/6/CROSS_1206142412.aspx?path=cross 

Her er link til video av løpet for menn:http://www.ncaa.com/video/cross-country-men/2014-12-06/dii-mens-cross-country-championship-full-replay

 

 

Kontakt