Arego
kw:!support_us

Harald Kårbø sprang NSIC conferance championship i Mankato

02.03.2015 |Nils Hetleflåt

Harald Kårbø sprang både mile og 3000m denne helga for Augustana College i NSIC conferance championship i Mankato i Minnesota. Det var først forsøksheat på mile torsdag 26.februar kor han kontrollert sprang inn til 4.plass med tida 4,29,06 og klar for finale på fredagen. Der etter var det klart for 3000m kor Harald sprang inn til 5.plass med tida 8,31,88.

I finaleløpet på mile på fredagen vart det eit lureløp og Harald la seg langt bak i feltet i starten av løpet. Han jobba seg sakte men sikkert framover i feltet samtidig som farten vart høgare og når 2 rundar gjenstod tok han teten. DEt vart eit hardt og jamnt oppgjer der Harald tapte spurten med 3 hundredelar og sprang inn til 2.plass med tida 4,20,56.

Kontakt