Arego
kw:!support_us

Harald Kårbø spring i Kansas Relays

19.04.2014

Harald Kårbø deltar på Kansas Relays for Augustana College. Torsdag 17.april var han i aksjon i det 3.heatet på 1500m. Etter å ha passert 300mpå 46,13 på 3.plass, sprang Harald seg opp i tet og hadde dei andre passeringane på hhv 1,50,80 (700m); 2,53,98 (1100m) og målpassering på 3,54,23. Med det vann han løpet med over 3 sekund.

I dag, laurdag 19.april,  sprang Harald inn til seier på 3000m hinder med tida 9,06,47 og var med det over 11,5 sekund foran nr 2 i løpet. Det var ein sjenerande vind på banen, nokok som gjorde at forholda ikkje var heilt optimale i dag. Alt i alt to gode konkurransar av Harald som no ser fram mot Drake Relays i Des Moines neste helg.

I dag skal han årsdebutera på 3000m hinder og målet er å kvalifisera seg til NCAA som vert arrangert i perioden 22.-24.5. For å klare det må han springa rundt 9,00 min i dag. For dei som ønsker å sjå løpet så startar det kl 3.06 pm lokal tid, dvs kl 22:06 norsk tid og linken finn ein på heimesida  http://branchsportstech.com/2014_Meets/outdoor/04-16-kansasrelays/Timetable.php?D=4.

Du kan følge live passeringstider ved å velga 3000m hinder på timetable results eller sjå løpet ved å laste ned linken til ESPN3.

Kontakt