Arego
kw:!support_us

Harald Kårbø vann Central Region Championship i terrengløp

23.11.2014 |Nils Hetleflåt

Harald Kårbø vann Central Region Championship i terrengløp over 10 km i Wayne, Nebraska, laurdag 22. november. Med tida 30,36 min var han 7 sekund foran nr 2 i løpet og 30 sekund føre nr 3. Harald låg i hovudfeltet dei første 2 mile (ca 3,2 km) før han satte inn eit rykk og opparbeida seg ei luke til resten av feltet som splitta seg opp etter dette. Etter 9 km vart han pressa av løparen frå Missouri Southern, Eric Schott, men han holdt unna inn til målpassering. 

Resultat:

1 Karbo, Harald JR Augustana (S.D.) 30:36.70 1
2 Schott, Eric SR Missouri Southern 30:43.50 2
3 Braun, Adam SR Augustana (S.D.) 31:08.70 3
4 Horan, Matt JR Sioux Falls 31:18.70 4
5 Hauge, Nathan JR Augustana (S.D.) 31:20.50 5
6 Webster, Andrew SR Missouri Southern 31:21.10 6
7 Pacheco, Juan JR East Central 31:30.70 7
8 Brockmueller, William SR Sioux Falls 31:36.70 8
9 Carda, Keegan SO Augustana (S.D.) 31:37.90 9
10 Ellingson, Glen SO Augustana (S.D.) 31:42.70 10

Augustana College kor Harald studerer vann og lagkonkurransen suverent foran University Sioux Falls. Neste konkurranse for Harald vert NCAA Championship i Louisville, Kentucky den 6.desember

Kontakt