Arego
kw:!support_us

Holmenkollstafetten 10.mai 2014

08.05.2014 |Nils Hetleflåt

På laurdag er det klart for den tradisjonelle Holmenkollstafetten i Oslo sine gater og Stord IL-friidrett stiller i år lag i eliteklassen for menn. Etter opprykket som vart sikra med 2.plassen i fjor er målet for laget i år å halda seg i den gjevaste klassen. Det betyr at me må ha 4 norske lag oss på resultat lista. Her laget som sprang for Stord i 2012.

Her er laget som skal springa for Stord i denne rekkjefølgja: Thomas Heggøy, Jacob Hystad, Asbjørn Lunde dy, Lars J. Føyen, Jostein S. Epland, Sondre Sørheim, Tom Erling Kårbø, Kim Berland Laitinen, Lars Håkon Ramstad, Lars Lunde, Sondre Mæland, Joachim Moss Grutle, Erlend Mæland, Arnfinn Aadland og Simon Vesbøstad.

Ein fin blanding av rutinerte deltakarar i denne stafetten og fleire nye ansikter som skal få sin debut på friidrettsarenaen i offisiell samanheng. Sjølve stafetten kan ein følgja direkte på TV2sportskanalen som startar si sending frå klokka 13:45, eliteklassen for menn startar kl 14:15 på Bislett stadion.

Kontakt
Kalendar