Arego
kw:!support_us

Holmenkollstafetten 2014

10.05.2014 |Nils Hetleflåt

Stord sine løparar i eliteklassen for menn sprang inn til ein sterk 12.plass i dagens Holmenkollstafett med tida 55,04 min. Dette er ei forbetring av tida frå i fjor med over 1,30 min.

Thomas Heggøy opna med 1.etappe på Bislett og han veksla som nr 11 blant dei 20 laga som stilte til start. Jacob Hystad førte pinnen opp den berykta Norabakken og leverte som lag nr 13. På den 600m lange 3.etappen var det Asbjørn Lunde dy som overtok pinnen og når Lars J. Føyen fekk den ved start på 4.etappe var laget framleis på 13.plass. Lars sprang opp til 12 plass på sin etappe og den plassen holdt Jostein Epland på sin 1240m lange 5.etappe. Sondre Sørheim sprang 6.etappe også kalla "lille Besserud" med sterk stigning og han gav pinnen til Tom Erling Kårbøsom nr 13. På denne etappen opp til Besserud sprang Tom Erling laget fram til 8.plass, noko som var den beste plasseringa me hadde i løpet av stafetten. Kim Berland Laitinen måtta springa 1810m ned frå Besserud som den 8.etappen og han veksla som nr. 10. Lars Håkon Ramstad sprang 9.etappe som går under namnet "Gressbanen" og er 650 m lang. Han leverte som nr 11 til Lars Lunde, som sprang den 10.etappen på 2840m og han leverte som nr 11 ved inngangen til Frognerparken. Her var det Sondre Mæland som på den 1510m lange 11.etappen gjennom Frognerparken sprang og når Joachim Moss Grutle starta sin 370m etappe (lokalt kalla "dumpa") fekk han pinnen som nr 11 og den plassen holdt han. Erlend Mæland måtte slippa 1 løpar forbi seg på sin 13.etappe på 1040m og dermed var me på 12.plass. Debutant Arnfinn Aadland sprang "sjarmør"  etappen på 850m som 14.etappe går under og det gjorde han på ein flott måte og han holdt plasseringa som nr 12 for laget. Simon Vestbøstad fekk ansvaret med å føra pinnen i mål for Stord og det gjorde han på ein framragande måte på siste etappe på 610m inn på Bislett. Med tida 55,04 min har alle på laget gjennomført på ein god måte.

 

Her er linken til etappe tider: http://home.powertech.no/wwwemit/races/2014.05.10/Holmenkollstafetten/radio/F1_Menn_Elite.htm.

 

Kontakt
Kalendar