Arego
kw:!support_us

Holmenkollstafetten 7.mai 2016

08.05.2016 |Nils Hetleflåt

Over er laget til som representerte Stord IL-friidrett i Holmenkollstafetten 2016:

1.rekke f.v.: Sondre E. Øvrebø, Lars Håkon Ramstad, Vegard Havn, Lukas Helland, Ole Christer Kvellestad, Arnfinn Aadland, Erlend Mæland

2.rekke f.v.: Kim B. Laitinen, Tom Erling Kårbø, Sondre Sørheim, Kristian L. Nag, Lars J. Føyen, Sondre Mæland, Arne Jordåen, Jacob Hystad.

I årets Holmenkollstafett vart det 21.plass i menn elite og nedrykk til klasse 2 då Stord sprang på 57,55 min. Dette var 2,22 min frå sikker plass og dermed vert målet for 2017 og sikra seg ein snarleg retur til eliteklassen.

Det var Jacob som starta på 1.etappe og han leverte eit godt løp, der han sprang dei 1170m på 3,09 min før han levert pinnen vidare til debutanten  Arne Jordåen, som her er ca 400 m ute i sin etappe, og sprang den rykta Norabakken. Deretter overtok i rekkefølge Sondre Mæland, Lars J. Føyen, Kristian, Sondre Sørheim, Tom Erling, Kim, Erlend, Arnfinn, Ole Christer, Lukas, Vegard, Lars Håkon før Sondre E. Øvrebø sprang laget over målstreken.

Resultata frå Holmenkollstafetten 2016:http://eqtiming.azurewebsites.net/2016/radio/F1_Menn_Elite.htm

 

 

 

 

 

Kontakt
Kalendar