Arego
kw:!support_us

Karabinlekene 2016 på Fana stadion

14.05.2016 |Nils Hetleflåt

Karabinlekene 2016 vert arrangert på Fana stadion i perioden 13.-15.mai og frå Stord IL vil følgjande representera klubben: Julian Skimmeland Aasheim (13), Jacob Hystad (MS) og Sofie Skard (12).

Under første dag av stemnet var det ein sjenerande vind og ein temperatur rundt 10-13 grader. Julian sprang ein svært god 60 m og vann 13-årsklassen med tida 8,11, noko som er godt under pers, men dessverre så var medvinden i dette løpet på 3,8 sekundmeter. Jacob satte ny pers på 3000m med tida 9,00,20, noko som holdt til 7.plass i heatet for menn senior. Med dette så passerte han persen til klubbkamerat Atle Irgens.

På andre dag av Karabinlekene vart det storeslem for Julian då han tok i alt 4 øvelses seirar av 4 mogelege. Han innleia med ein kjempe pers på 60m hekk der han sprang inn tiltida 9,69, før han fortsatte med resultatet 13,04 på 100m som og var ny pers. I lengde vart det 5,26 m og ny pers med 13 cm, før han avslutta med 1,50 m i høgde. Sofie hoppa 1,30 m i høgde, som var tangering av pers, og vart med det nr 2. Den same plasseringa vart det  i spyd med resultatet 13,72m og ny pers, medan det vart 10.plass i lengde med resultatet 3,52m.

Under tredje dag på Karabinlekene vart det ein ny seier for Julian, denne gong i tresteg kor han imponerte med ny pers på 11,54 m. Dette var første konkurranse kor han braut 11 meters streken. Med dette avslutta han helga med 5 nye personlege rekordar og totalt seks sigrar av 6 mogelege.

 

Kontakt