Arego
kw:!support_us

Klar for ei aktiv helg for friidrettsgruppa

26.08.2016 |Nils Hetleflåt

Denne helga er det utøvarar frå klubben i aktivitet mange stader i regionen.

Julian Skimmeland Aasheim (13) skal representera Hordaland sitt kretslag for 13 og 14 åringar i den årvisse kretskampen mellom Agder - Rogaland - Sogn og Fjordane og Hordland på Osterøy. Han er utteken på følgjande øvingar: 60m hekk, 200m hekk, 200m og tresteg.

På Bremnes skal Sunnhordlandsmeisterskapet for seniorar avviklast og Stord stiller med mange utøvarar på dette stemnet. I tillegg er det innlagt seriestemne for dei under 15 år og også her er det utøvarar frå klubben med.

I Stavanger skal Arnfinn Aadland springa 10 km under Stavanger maraton og på Sotra skal Pernila E. Epland springa Øygardsmila. Begge har desse løpa som ei gjennomkjøring før dei seinare i haust skal ut og springa halvmaraton i høvevis Københamn og Stockholm.

Kontakt
Kalendar