Arego
kw:!support_us

Klart for Djupadalten og Fitjardalten til helga

20.10.2017 |Nils Hetleflåt

Til helga er det klart for to ulike mosjonsløp i regionen, nemleg Djupadalten i Haugesund på laurdag og Fitjardalten på søndag. 

Flest deltakarar vert det i Haugesund på den 9,3 km lange løypa og her er konkurransen hardast. Blant fleire som startar frå Stord IL er det størst håp om framskutte plasseringar på Pernilla Eugenie Epland og Lars Lunde.

På Fitjardalten, som er 6,4 km, er det og fleire Stord utøvarar som står på startstreken og her er det nok fjorårets vinnar Lars Lunde favoritt. Fjorårets trear Vegard Havn har som mål å forbetra si tid medan Katrine Hillestad vil vere med å kjempa om seieren i kvinneklassen.

Kontakt