Arego
kw:!support_us

Klarte kravet til NM på 800m

29.07.2015 |Nils Hetleflåt

Søndag 26.juli på Fana stadion var det klart for angrep på kravet til 800m til NM senior i Haugesund, som var på 1,54,99. Etter mange løp på 1,56 talet i år for Thomas M. Heggøy var dette siste sjanse for å klare kravet.

Det vart stilt med hare ,som var Henrik G. Irgens frå Gneist IL, og han passerte første runde på ca 55sek. Løparane låg som perler på ei rett snor etter han og då han gjekk ut av løpet etter 500m var det bare til å kjøra på. Thomas låg på 3.plass ved passering 600m på 1,25. Med god avslutning vart det ny pers med tida 1,54,26 og dermed klar for NM.

Jacob Hystad stilte og opp i det samme løpet, men han vart for det meste springande åleina. Likevel sprang han inn til ny pers med tida 2,04,19 og passerte dermed Atle Irgens på adelskalenderen. 

Kontakt