Arego
kw:!support_us

Kretsstemne i Haugesund onsdag 10.2.2016

11.02.2016 |Nils Hetleflåt

Det var 6 utøvarar frå Stord som tok turen til innandørshallen Deep Ocean Arena i Haugesund onsdag 10.februar.

Ida Holm Neset (13) starta opp med tresteg og ho tangerte sin personlege rekord på 9,14 m. Neste mann ut var Julian Skimmeland Aasheim (13) i tresteg og med resultatet 10,90 m forbetra han sin personlege rekord med 63 cm.

På 60m var det Erlend Kringeland (13) som deltok og med tida 8,95 var han 7 hundredelar bak sin personlege rekord frå helgas  stemne på Stord. Neste distanse var 600m og her var Maria Nerhus Bjelland (13) den eiinaste deltakararen. Maria sprang eit sterkt løp og sprang inn til ny personleg rekord med tida 1,53,99

På 200m var alle utøvarane våre i 13 årsklassen i  aksjon. Ida Holm Neset sprang inn til klar seier og med tida 29,00 vart det ny personleg rekord. Maria fekk tida 32,47. I gutteklassen sprang Julian Skimmeland Aasheim inn til seier med tida 27,71 og personleg rekord med nær sekundet. Erlend Kringeland fulgte opp med tida 29,91 og ny personleg rekord med 8 tidelar.

På 3000m årsdebuterte Lars Lunde (19) i det sterk feltet og han kom inn til tida 8,41,63, noko som holdt til ein 3.plass. Vegard Havn (19) sprang 800 m på tida 2,21,07 og ny pers, noko som holdt til 3.plass i heatet.

På 4x200m i 13 årsklassen sprang følgjande for Stord: Ida Holm Neset, Julian Skimmeland Aasheim, Maria Nerhus Bjelland og Erlend Kringeland. Dei kom på 3 plass i heatet med tida 1,58,07, men vann 13 årsklassen. 

Kontakt