Arego
kw:!support_us

Laila Mehus vann Oslo trippelen 17.september

18.09.2016 |Nils Hetleflåt

Laila Mehus vann på laurdag Oslo trippelen, som er samanlagt tida av Oslo maraton, Oslo halvmaraton og 10 km for Grete. 

Først var start på maratonløpet kl 09:15 på laurdag føremiddag og her sprang ho jamnt som ei  klokka og enda i mål på tida 2,59,33 min. Dette gav ein 3.plass totalt i kvinneklassen i Oslo maraton og ville gitt 3.plass i NM, men her hadde ho ikkje meldt seg på. Etter ein pause på 90 min var Laila klar for halvmaratonløpet, som starta kl 13:30, og på nytt gjorde ho eit sterkt løp då ho sprang inn til tida 1,28,42. Dette holdt til 17.plass i kvinneklassen. 

Starten på 10km for Grete var kl 16:00 og på dette løpet sprang Laila inn til den flotte tida 44,31 min.

Total tida hennes vart 5,12,46 og med det var ho over 38 min før neste kvinne, og det var bare 6 menn som sprang raskare totalt enn henne på desse vel 73 km. 

Det å springe under 3 t på maraton krever mykje trening og ein er temmeleg mørbanka i beina etter eit slikt løp. Når ein bare har 90 min restitusjon før ein spring ein ny halvmaraton på under 1,30 krever det ein enorm viljestyrke. Og at ein krona det heile med ein 10 km på under 45 min med bare ein time pause etter halvmaratonløpet er imponerande.

Her er reportasje på bladet Kondis:http://www.kondis.no/laila-mehus-og-kenneth-smeby-vant-oslotrippelen-na-med-resultater.5908668-127676.html

 

 

Kontakt