Arego
kw:!support_us

Lars Lunde klar for EM i Eskilstuna for junior

03.07.2015 |Nils Hetleflåt

Under dagens 5000m på Värdsungdomsspelen i Gøteborg sprang Lars Lunde 14,40,72 og underskreiv med det kvalifiseringskravet til junior EM på 14,45,00. Dette har vore eit stort mål for han i denne sesongen og på siste mulighet for å klare kravet gjekk det bra. Etter ein sterk siste runde på 60 sekund sprang han i tillegg inn til seier på 5000 meteren i seniorklassen med over 1,5 sekund.

Han slo mange løparar med perser nede på 14,30 talet så det vert spennande å sjå framover om han kan springa ned sin personlege rekord. I alle fall vert neste 5000m laurdag 18.juli kl 19.50 i Eskilstuna kor han skal kjempa med dei beste juniorane i Europa.

Kontakt