Arego
kw:!support_us

Mange perser på innandørsstemne i Haugesund 11.mars

12.03.2018 |Nils Hetleflåt

Stord utøvarane avslutta innandørssesongen sterkt i Deep Ocean Arena i Haugesund søndag 11.mars.

Ariel Christensen (13) vann 60m med tida 8,72s, som er tangering av personleg rekord. Sofie Skard (14) sprang inn til tida 8,75s på 60m og vart med det nr. 3 i klassen sin. I høgde hoppa ho over 1,51m og med det så forbetra ho sin eigen personlege rekord og vann klassen.

Julian Skimmeland Aasheim (15) forbetra persen sin i høgde med 1 cm då han hoppa over 1,76m og med det så vann han øvelsen. På 200m sprang han inn til tida 24,58s og satte innandørspers og det holdt til seier i klassen. Erik Nilsen Onarheim (MS) sprang inn til tida 4,35,63 på 1500m og forbetra dermed sin personlege rekord på distansen.

Kontakt