Arego
kw:!support_us

Mange Stord løparar skal ut på distanseløp denne helga

19.10.2018 |Nils Hetleflåt

Denne helga er det mange mosjonsløp rundt om i Noregs land og utøvarar frå Stord IL stiller opp.

På Hole i Hønefoss vert Hytteplanmila arrangert laurdag 20.oktober, med store delar av Noregseliten på både herre- og damesida opp, og frå Stord IL stiller følgjande: Jacob Hystad, Pernilla Eugenie Epland og Katrine Hillestad. Etter rapportane så er dette ei meget hurtig løype og Stord løparane går for personlege rekordar på mila, totalt er 3200 løparar påmeldt.

I Haugesund vert Djupadalten, som er på 9,3 km, arrangert for 40.gong og også her stiller det ein kontingent av Stord løparar opp. Av dei som er påmeldt per dags dato er : Max Bloch, Ole Christer Kvellestad og Johannes Thomsen.

På søndag vert Fitjardalten arrangert og dette løpet er på 6,2km. Frå Stord IL er blant anna følgjande løparar påmeldt per dags dato: Kim Berland Laitinen, Vegard Havn, Arne Jordåen, Martin Schei og Erlend Kringeland

Kontakt