Arego
kw:!support_us

NM senior i Sandnes 25.-27.august

23.08.2017 |Nils Hetleflåt

På fredag går starten for årets NM for senior i Sandnes og det held på i 3 dagar til ende. Frå klubben er følgjande utøvarar meldt på: Tom Erling Kårbø (1500m, 3000m hinder, 5000m), Jacob Vaula (100m), Pernilla E. Epland (5000m, 10000m), Tone S. Brakedal (100m, lengde, 100m hekk).

All mogeleg informasjon finn ein på www.nmfriidrett2017.no

Kommer tilbake med oppdateringar og kommentarar etterkvart som stemnet pågår.

Sterk første dag av utøvarane frå Stord IL-friidrett.

Tone S. Brakedal sprang i det første heatet på 100m og kom i mål på 4.plass med tida 12,65. Ho var 14 hundredelar frå  og avansera til semifinale.  DEt vart direkte finale i lengde då det var 15 deltakarar som kryssa seg av i lengde innan tidsfristen og den går på laurdag ettermiddag.

Jacob Vaula som debuterer i NM på senior samanheng sprang inn til 5.plass i sitt forsøksheat på tida 11,29. Det holdt ikkje til vidare avansement til semifinale kor ein måtte ha sprunge på 11,09.

På 5000m sprang Pernilla Epland inn til ein sterk 8.plass med tida 16,54,11 og pers med 54 sekunder og ny klubbrekord. Ho valgte å henga på teten i 78/79 rundar men fekk det tøft etter nokre rundar og måtte sleppa gruppa. Deretter vart ho liggjande åleina  og fekk det tungt, men klarte å mobilisera kreftene på siste runde og kom inn ca 32 sekund bak vinnaren.

Medalje til Stord på andre dag i NM:

Dagen starta med forsøk for Tom Erling Kårbø på 1500m og han sprang kontrollert inn til 6.plass i heatet med tida 3,59,12 og det gav klarsigal for finale i morgon søndag.

På ettermiddagen var det klart for storoppgjer på 3000m hinder mellom Tom Erling og Jacob Ingebrigtsen. Dei første 4 eundane gjekk i eit jamnt 9,00 min skjema før Tom ERling gjekk opp og kjørte dei siste 3 og 1/2 rundane i 66 fart men det var umogeleg å kvitta seg med Jacob og i spurten var denne ungguten uimotståeleg. Dermed sølv for Tom Erling på tida 8,45,66 og knappe 1,5 sekund bak gullvinnaren.

Tone var klar for lengde finale, men med 2 ugyldige hopp innleiingsvis vart det med eit sikringshopp i tredje omgang, som målte 4,80 m og det gav 14.plass.

 Ny klubbrekord på tredje dag i Sandnes til Pernilla Epland

Tone S. Brakedal var først i aksjon av Stord utøvarane på søndagen med finale på 100m hekk. I -2,4 m/s sprang ho inn til tida 15,12, som er like bak personleg rekord og 7.plass i feltet.

På 10000m for kvinner sprang Pernilla E. Epland i debutløpet på bane inn til tida 35,40,78 og det holdt til ein sterk 4.plass på distansen. Samtidig er det ein forbetring av klubbrekorden med over 7min.

Tom Erling Kårbø sprang finale på 1500m og det gav ein 7.plass med tida 3,56,77.

NM i Sandnes har vore eit godt sportsleg meisterskap for Stord sine utøvarar.

Kontakt