Arego
kw:!support_us

Norwegian Grand Prix i Kristiansand

01.09.2016 |Nils Hetleflåt

Under gårsdagens Norwegian Grand Prix i Kristiansand var Tom Erling Kårbø Stord sin representant på stemnet.

Han sprang 1500m og kom inn på tida 3,47,74, som er årsbeste for hans vedkommande og det holdt til 3.plass i feltet og beste norske løpar. Vinnar tida i løpet var på 3,47,40 og det var det svenske Elmar Engholm som gjorde.

Sjølve gjennomføringa av løpet, som vart vist på streaming, vart gjort med passering på 400m like i underkant av 60s. 800m passert på ca 2.00 og 1200m på ca 3.03. Tom Erling låg på 3.plass ved alle desse passeringane og han pusha på dei siste 300m og var oppe på 2.plass ved utgangen av siste sving, men fekk det litt hardt på slutten av oppløpssida og måtte slippa ein løpar forbi seg.

 

Kontakt