Arego
kw:!support_us

Ny aldersrekord av Julian Skimmeland Aasheim på 200m hekk på Bergenslekene

10.09.2016 |Nils Hetleflåt

Under første dag av Bergenslekene på Leikvang stadion sprang Julian Skimmeland Aasheim inn til ny aldersrekord på 200m hekk med tida 28,34 i 13-årsklassen. Han forbetra sin personlege rekord med 49 hundredelar.

Under ein time seinare forbetra han sin personlege rekord med 35 hundredelar på 100m og kom inn til tida 12,69, som holdt til 1.plass i løpet. Her sprang Erlend Kringeland inn til tida 13,84 som var ny pers med 44 hundredelar og holdt til 7.plass i heatet og 9 plass totalt. I lengdekonkurransen hoppa julian 5,18m og det gav han 2.plass, medan Erlend med resultatet 4,08 m enda på 10.plass. På 600m sprang Erlend inn til den gode tida 1,40,55, som holdt til 2.plass i løpet og ny personleg rekord med nesten 6 sekund.

Tone Sandtorv Brakedal starta dagen med lengdekonkurranse og med resultatet 5,21m gav det 2.plass i 17-årsklassen. På 100m fekk ho til eit veldig godt løp og med resultatet 12,68s vart det ein ny 2.plass. Med denne tida satte ho ny lagsrekord for Stord IL samtidig som ho kvalifiserte seg til hovud-NM i Sandnes 2017.

Alle resultat frå første dag av Bergenslekene finn du her:http://bergenslekene.no/wp-content/uploads/2014/04/Resultatliste-L%C3%B8rdag-1.pdf

 

Kontakt