Arego
kw:!support_us

Ny bronsemedalje på Jacob Vaula på 200m på tredje dag av junior NM på Bislett

26.08.2018 |Nils Hetleflåt

I dagens finale på 200m i junior NM for U20 på Bislett sprang Jacob Vaula inn til 3.plass og bronsemedalje med tida 22,38 i +2,0 m/s. Med dette så senka han sin personlege rekord frå 22,69 som han sprang i forsøket og satte samtidig ny lagsrekord for Stord IL. Den gamle rekorden var på 22,67. Dermed har han senka sin personlege rekord med 46 hundredelar denne helga, frå 22,84 via 22,69 til dagens 22,38.

Kontakt