Arego
kw:!support_us

Ny klubbrekord på 5000m av Pernilla

16.06.2019 |Nils Hetleflåt

Pernilla Eugenie Epland sprang inn til ny klubbrekord på 5000m med tida 16.11.92 på BMC race i Loughborough i England laurdag 15.juni. Med dette så forbetra ho sin eigen rekord med nær 9.5 sekund og ho sprang inn tiil ein sterk 5.plass på distansen.

Løpet starta i høgt tempo og Pernilla la seg på halen av den tredje gruppa som oppstod etter kort tid av løpet. Første 1000m passerte ho på ca 3.12 og 2000m vart unnagjort på 6.25-6.26. Ho hadde begynt å avansera i feltet noko som skyldast at mange hadde starta vel hardt. Ved passering 3000m på ca 9.43 låg ho rundt 10 posisjon i feltet og var heile tida på jakt etter den gruppa som låg like foran ho. Den neste tusenmeteren vart tung og farten dalte til 3.20, men Pernilla avanserte 2 plasser. Ein sterk siste 1000m på 3.08 der ho sprang seg opp til 5.plass gjorde løpet til ein suksess. 

Kontakt
Kalendar