Arego
kw:!support_us

Ny lagsrekord på halvmaraton i København

16.09.2018 |Nils Hetleflåt

På København halvmaraton i dag, 16.september, sprang Pernilla Eugenie Epland inn til ny lagsrekord med tida 74,34 min og forbetra seg med 37 sekund på distansen. Med dette plasserte ho seg som nr 22 i dameklassen som vart vunne av Sifan Hassan frå Nederland på den sterke tida 65,15 min.

Pernilla sprang det meste av løpet i lag med Vienna Søyland Dahle frå IL Skjalg og dei passerte første 5 km på 17,30 min og 10 km vart passert på 35,08 min (17:38min). Farten gjekk ørlite opp på neste 5 km og 15 km vart passert på 53,00 min (17:52). Ved 18 km kom Ida Bergsløkken opp til dei to og Pernilla fekk ein kjenna litt på lett sting og ho måtte gi Vienna og Ida ei lita luke. Luka vart imidlertid ikkje noko større og ved passering på 70:59 min (17:59) på 20 km låg ho bare 3 sek bak dei. Ho klarte å få kontakt med dei ca 500m føre mål, men då auka Vienna farten og sprang ifrå med 4 sekund inn til mål medan Pernilla slo Ida med 1 sekund. Sterk løping av desse 3 norske damene.

Katrine Hillestad sprang inn til tida 91,07 min og satte ny personleg beste notering. Ho hadde følgjande passeringstider: 21:15; 42:43 (21:28); 64:14 (21:32) og 86:22 (22:08) på hhv 5, 10 , 15 og 20 km.

Kontakt