Arego
kw:!support_us

Ny medalje for Julian på Värdsungdomsspelene dag 2

30.06.2018 |Nils Hetleflåt

Det vart ein ny flott dag for Stord utøvarane på andre dag i Värdsungdomsspelen i Gøteborg. Det resulterte i ein sølvmedalje for Julian S. Aasheim (G15) i tresteg, samt 3 perser og 1 tangering av pers og eit fall.

Det starta med Julian i høgde kor han var feilfri på alle sine hopphøgder opp til og med 1,82m, men 1,85 m vart for høgt i dag. Det var tangering av pers og gav 6.plass i konkurransen, kor vinnaren frå Island svingte seg over 1,98 m.

Sofie Skard (J14) var i aksjon på 80m og her var det 16 heat med 8 løparar i kvart heat, altså totalt 128 løparar. Sofie sprang inn til tida 11,36 i det 12 heat og det gav 4.plass i heatet og ny pers.

Pernilla Eugenie Epland (KS) var i det beste heatet på 1500m og ho la seg i tet frå start av og drog den første runde før Viena S. Dahle overtok på den andre runden. Det var trongt i teten og like etter passering 2 rundar føler Pernilla at det stopper opp og ho ser ei lita luke til å komme seg fram i, men i det ho skal ut i gjennom den luka vart ho sparka bein på og dermed så ligg ho så lang ho var på Mondo dekket på Nya Ullevi. Heile feltet spring vidare medan Pernilla ligg nede og ho gir opp. Etter litt trøst fann me ut at ho kunne spørre arrangøren om å få springa i b-heatet. Det gjekk bra og i b-heatet sprang ho solo inn til tida 4,28,59, den nest beste tida ho har oppnådd.

I tresteg gjorde Julian S. Aasheim årsdebut og han gjennomførte ein sterk hoppserie og oppnåde resultatet 12,99m, som er ny pers med 61 cm. Det gav 2.plass i konkurransen, kor vinnaren frå Sverige hoppa 13,34m. MEd dette resultatet toppar han 15-årsklassen i Norege.

Erlend Kringeland (G15) kom i det 2 heatet av 4 på 800m og han starta i bane 2 med den 7beste tida i dette heatet. Han la seg bak i heatet og passerte 400m på ca 62-63 som siste løpar. Etter 500m starta han opphentinga og sprang seg fram i heatet til 4.plass og ny personleg rekord med tida 2,08,80. Totalt gav det 16.plass av totalt 39 fullførande på distansen, kor vinnaren frå Sverige sprang på 2,02,11

 

Kontakt