Arego
kw:!support_us

Ny pers av Tom Erling på 3000m innandørs i Stockholm

04.02.2017 |Nils Hetleflåt

Under dagen stemne "Raka spåret"  i Stockholm sprang Tom Erling Kårbø inn til ny personleg rekord innandørs med tida 8,10,95 på 3000m og gav med det seg sjølv ein fin gebursdagspresang. Med dette så vart han nr. 5 i heatet, der vinnaren Wouter Ploeger, Nederland, sprang inn til tida 8,04,29.

Tom Erling la seg frå start av i 4.posisjon inne ved lista og han passerte første 1000m på 2,43,8, 1500m vart gjort unna på ca 4,06,6 og passering 2000m var på 5,28,7. Feltet var framleis samla fram til ca 2400m, men farten var skrudd opp og då vart det for hardt for Tom Erling som måtte sleppa tettrioen. Siste 600m vart tunge og han måtte gi tapt for 4.plassen med 16 små hundredelar.

Etter løpet sa han at det hadde godt greitt fram til 2000m men at han hadde måtte begynna å jobba hardt når farten vart skrudd opp. Då klarte han å henga i strikken dei neste 400m, men etter det stivna han i armane og fekk det tungt på dei siste 3 rundane. Han meinte at han klarte å gjennomføra teknisk bra i sluttpartiet sjølv om han stivna. Det vil han ta med seg fram mot neste konkurranse som går i Gent neste laurdag, 11.februar.

Alle resultat frå stemnet finn du her: http://trackandfield.se/resultat/2017/170204rs.htm

 

Kontakt
Kalendar