Arego
kw:!support_us

Ny pers i Karlstad for Tom Erling

26.07.2017 |Nils Hetleflåt

Tom Erling Kårbø sprang inn til ny personleg rekord på 3000m på stemnet Foksam Grand Prix i svenske Karlstad med tida 8,06,64, som gav 7.plass i feltet.

Opningsfarten var høg og Tom Erling la seg midt i det 17 manns store feltet. Etterkvart danna det seg grupper og Tom Erling vart liggjande i den andre pulja i feltet. Som han sa etter løpet, beina var ikjke heilt 100% etter laurdagens 5000m i Heusden, men det gjaldt å stå på heile vegen inn til mål. Det gjorde han og satte ny pers med 18 hundredelar etter ein sterk siste 300m.

No vert det ein treningsperiode før han innleiar med Stordleikane, Norwegian Grand Prix på Hamar og NM i Sandnes siste helga i august.

Kontakt