Arego
kw:!support_us

Ny pers på Tom Erling i Gent

11.02.2017 |Nils Hetleflåt

Under kveldens stemne i Gent i Belgia vart det ny personleg rekord på 3000m for Tom Erling Kårbø med tida 8,07,23, noko som var 3,7 raskare enn forrige helg i Stockhom. Tida var 2,23 sekund over EM-kravet på distansen og dermed vert det ikkje noko på EM innandørs for Tom Erling denne gong.

Tom Erling sprang i b-heatet på 3000m og haren i feltet passerte første 1000m på 2,42, men han gav seg allereie etter 1200m ogdå farten dalte i heatet. Passering 2000m var på 5,29-5,30 og det var 1 sekund seinare enn kva tilfelle var på Raka Spåret i Stockholm. 3 rundar før slutt gjekk Tom Erling opp i tet og han hadde ein progressiv auke av farten på dei 3 siste rundane og dermed sprang han inn som vinnar av b-feltet, knappe 1,2 sekund før spanjolen som kom på 2.plass.

Her finn du resultata frå stemne i Gent: http://www.toastit-live.be/results/2017/feb/za11/event027h01.html

Han var godt nøgd med kveldens resultat og følte at kroppen responderte betre enn kva tilfelle var førre helg. Dette var viktig erfaring med tanke på korleis høgdetrening har fungert for han og korleis konkurranseprogrammet vil verte satt opp når utandørssesongen starter.

Med dette er innandørssesongen over for Tom Erling, som no går i gang med førebuingane til utandørssesongen. 

Kontakt