Arego
kw:!support_us

Ny pers på Tom Erling under Norway Grand Prix på Hamar

18.05.2016 |Nils Hetleflåt

Under dagens elitestemne, Norway Grand Prix,  på Hamar satte Tom Erling Kårbø ny personleg rekord på 3000m med tida 8,06,81. Med det så vart han nr 9 i feltet, kor Henrik Ingebrigtsen vann løpet med tida 7,54,32.

På telefon frå Gardermoen fortalte Tom Erling om eit godt gjennomført løp og at kroppen hadde respondert godt. Etter at han fekk ein dårleg opning på første runde og kom langt bak i feltet måtte han auka farten kraftig på den andre runden før det vart sprunge i godt tempo resten av løpet. At det manglar litt på toppformen kom fram i slutten av løpet kor han sa at den skikkelege sluttspurten enda ikkje var heilt på plass. Dette rekner eg er på plass i Ordegeem neste helg når 3000m hinder står på programmet, sa han.

Han var godt fornøgd med å ha persa, den forrige rekorden vart satt i Karlstad i 2012.

Kontakt