Arego
kw:!support_us

Ny personleg rekord på Sofie Skard i høgde i Sparebankleikane

09.06.2018 |Nils Hetleflåt


Under første dag av Sparebankleikane i Byrkjelo i dag knalla Sofie Skard (14) til med ny personleg rekord i høgde med resultatet 1,57m og ein auka med 3 cm av rekorden. Ho starta og hoppa på 1,35 m og var feilfri på alle høgder til og med 1,55, som og var over gamal rekord, før ho gjekk over 1,57 m i det andre forsøket. På 1,60m vart det for høgt i dag, men ho får nok nye sjansar seinare i sesongen på denne høgda.

På 60 i jenter 13 år sprang Ariel Christensen inn til 3.plass med tida 8,72, som er like over persen sin.

Kontakt