Arego
kw:!support_us

Ny personleg rekord på Tom Erling Kårbø i Gouden Spike i Leiden

09.06.2018 |Nils Hetleflåt

Under kveldens stemne Gouden Spike i Leiden i Nederland sprang Tom Erling Kårbø inn til seier på 3000m hinder med tida 8,29,41 og ny personleg rekord. Med det senka han beste tida si med 8 hundredelar frå forrige løp som var 1.juni i franske Montbeliard. Han vann løpet foran briten Ieuan Thomas som kom inn på tida 8,30,16 og briten Jonathan Hopkins med tida 8,31,98.

Utviklinga av løpet var som følger. Haren Edgar Sumskins frå Lituaen tok føringa med britane Ieuan og Jonathan på hjul og Tom Erling og Emil Blomberg fulgte deretter. Denne stillinga holdt seg til 1300m då Jonathan gjekk opp i tet, medan haren sprang fram til 1500m som var avtalt men han var  i bane 2 dei siste 200m på sida av briten. Det vart då ei luke til Tom Erling og Emil, men dei dei sprang jamnt på farten som var avtalt på førehånd. Ved passering 2000m på 5,42-5,43 på Tom Erling og Emil var dei omlag 2-3 sek bak tetduoen. Denne stillinga holdt seg til etter passering nest siste vanngrav, då tok Tom Erling opp jakta på britane og han gjekk i tet like før dei kom inn på siste vanngrav. DEtte holdt han heilt inn til mål. Han slo svensken med ca 7 sek siste 600m.

Etter løpet så kunne Tom Erling fortelle at han ikkje hadde heilt trua på ny personleg rekord i dag før løpet pga det var litt vind på banen og at feltet var noko svakare enn i franske Montbeliard. Desto meir gledeleg var det at han nok ein gong klarte å avslutta raskt på siste 400m som gjekk på ca 64s, noko som kan komme godt med i forsøket på EM i Berlin.

Kontakt
Kalendar