Arego
kw:!support_us

Nye persar på dag 3 av Värdsungdomsspelen

01.07.2018 |Nils Hetleflåt

Nok ein strålande dag på Nya Ullevi i Gøteborg med sol frå ein skyfri himmel og rundt 25 grader  iskyggen, med ein litt sjenerande vind som kom og gjekk. Sofie Skard (J14) var først i aksjon i høgde og her var det 66 deltakarar som var med. Denne konkurransen tok 4 og ein halv time for å gjennomføra og Sofie oppnådde ein flott 6.plass i konkurransen med resultatet 1,56m. Dette var 1 cm bak pers og ho var ikkje heilt nøgd med det, men plasseringa var ho greitt nøgd med. 

Julian Skimmeland Aasheim (G15) debuterte på 300m og han kom inn på tida 38,08s som holdt til 7.plass i konkurransen med 54 fullførande utøvarar. Han kjente ldet itt i beina etter dei andre konkurransane denne helga og han har meir å gå på denne distansen til seinare.

Erlend Kringeland (G15) sprang 2000m og han kom inn til ny pers med tida 6,09,34 og forbetra seg med over 6 og eit halv sekund. Dette holdt til 7.plass av totalt 39 fullførande løparar. Dermed har denne helga satt 3 nye persar av 3 mogelege.

 

Kontakt