Arego
kw:!support_us

Oddvar Hårde noregsmeistar i 5-kamp for veteraner

11.06.2016 |Nils Hetleflåt

Oddvar Hårde vart i ettermiddag noregsmeistar i 5-kamp i veteranklasse 45-49 år på Gjesdal i Rogaland. Hardast konkurranse fekk han frå barndomskameraten Kjetil Roalkvam, som har flytta til Stavanger og representerer IL Skjalg. 

Femkampen starta med 200m og her fekk Kjetil overtaket etter å løpt på 26,57 mot Oddvar sine 27,30, men Oddvar slo kraftig tilbake i diskos og lengde konkurransen med sine 30,69m og 5,29 m mot Kjetil sine 23, 56m og 4,90m. Når spyd konkurransen enda med ein knapp Oddvar seier så hadde han eit forsprang på 228 poeng foran den avsluttande 1500 meteren, noko som tilsvarer ca 38 sek. Dette viste seg å holda med god margin då Oddvar sprang inn til ei tid som var 28 sekund svakare enn Kjetil, tidene var på 5,36,19 og 5,08,29.

Poengsummen til Oddvar var på 2809 medan Kjetil enda på 2732.

Kontakt